Jeremia 10 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren og avgudane

1Høyr ordet som Herren talar til dykk, Israels hus.

2Det hamra sølvet er innført frå Tarsis

og gullet frå Ufas.

Det er verk av treskjerar og gullsmed,

kledd i blått og raudt purpur,

kunstverk alt saman.

10 Dette skal de seia til dei:

«Dei gudane som ikkje skapte himmel og jord,

skal utryddast frå jorda

og under himmelen.»

12 Han som er Jakobs del, er ikkje som desse,

for det er han som formar alt.

Israel er hans eigen stamme.

Herren over hærskarane er hans namn.

Teltet mitt er øydelagt

17Ta bylten din opp frå bakken,

du kvinne som bur i ein kringsett by!

18For så seier Herren:

Sjå, denne gongen slengjer eg bort

dei som bur i landet.

Eg gjev dei trengsle

for at dei skal finna meg.

19 Sal 77,11; Jer 14,17; Mi 7,9 Ve meg, for eit brot!

Eg har eit sjukt sår.

Eg tenkte: Dette er berre ei liding

som eg må bera.

20 31,15 Teltet mitt er øydelagt,

alle snorer avrivne.

Borna mine har forlate meg, dei er borte.

Det er ikkje lenger nokon

som set opp teltet mitt

og spenner ut teltdukane.

21 23,1 For gjetarane er dumme,

dei søkjer ikkje Herren.

Difor lukkast dei ikkje,

heile flokken deira blir spreidd.

22 9,11 Dårleg nytt: No kjem det,

eit kraftig jordskjelv frå landet i nord.

Det gjer byane i Juda til ørken,

ein stad der sjakalar held til.

Profetens bøn

23 Ordt 16,9; 20,24 Eg veit, Herre,

at mennesket ikkje sjølv rår for sin veg,

og at ferdamannen ikkje sjølv

kan styra sine steg.

24 Sal 6,2; 38,2; Jer 30,11 Oppdra meg, Herre, men gjer det rett,

ikkje i vreide, så du gjer meg liten.

25 Sal 79,6f Aus ut din harme

over folkeslag som ikkje kjenner deg,

over slekter som ikkje kallar på ditt namn.

For dei har ete opp Jakob,

ete han opp og gjort ende på han

og lagt bustaden i øyde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help