1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus,
2helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Apostelen og læresveinen hans3 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!
7Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
9 For det er eg sett til herold, apostel og lærar.
12Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
13 Du veit at alle i Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelos og Hermogenes.
16Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden til Onesiforos! For han har mange gonger sett mot i meg, og han skamma seg ikkje over lenkjene mine.
17Nei, då han kom til Roma, leita han ivrig etter meg til han fann meg.
18Matt 5,7Må Herren la han finna miskunn hos Herren på den store dagen! Kor mykje han har gjort i tenesta si i Efesos, veit du best sjølv.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.