1. Krønikebok 26 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Portvaktene

1 Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:

17På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.

18Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.

19Dette var avdelingane til portvaktene, dei høyrde til Korah-slekta og Merari-slekta.

Tilsynsmenn og dommarar

20 Andre levittar: Ahia hadde ansvar for skattkammera i Guds hus og for alt som var vigd til Herren.

21Ladan-sønene, etterkomarane av gersjonittane gjennom Ladan, leiarar for familiane til gersjonitten Ladan, jehielittane:

22Sønene til Jehiel, Setam og Joel, bror hans, hadde ansvaret for skattkammera i Herrens hus.

23Av slektene til Amram, Jishar, Hebron og Ussiel

24var det Sjubael, son til Gersjom, son til Moses, som var øvste tilsynsmannen over skattkammera.

25Slektningane hans frå Elieser var Rehabja, son hans, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.

26Denne Sjelomot og brørne hans hadde ansvaret for skattane som var helga til Herren, dei som kong David og leiarane for familiane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane hadde helga.

27Av krigsbyttet hadde dei helga noko for å setja Herrens hus i stand.

281 Sam 9,9.11; 1 Krøn 9,22Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde helga, alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

29Av Jishar-slekta vart Kenanja og sønene hans sette til å arbeida utanfor heilagdomen, som tilsynsmenn og dommarar i Israel.

30Hasjabja av Hebron-slekta og brørne hans, 1700 dugande menn, hadde tilsyn med Israel på den andre sida av Jordan, i alt som hadde med arbeidet for Herren og tenesta for kongen å gjera.

31Til Hebron-slekta høyrde òg Jeria, som ifølgje slektshistoria var leiar for familiane til hebronittane. I det førtiande styringsåret til David vart det gjort ei undersøking, og det vart funne djerve krigarar mellom dei i Jaser i Gilead.

32Slektningane hans, 2700 dugande menn, var leiarar for familiane sine. Kong David sette dei over Ruben-stammen, Gad-stammen og halve Manasse-stammen til å ta seg av alt det som hadde med Gud og kongen å gjera.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help