Daniel 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Dei sytti vekene

1 I det første året Dareios, son til Ahasveros, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –

2i det første styringsåret hans oppdaga eg, Daniel, i bøkene kor lenge Jerusalem skulle liggja i røys etter Herrens ord til profeten Jeremia. Det var sytti år.

3Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.

4 ja, medan eg endå heldt på å be, flaug Gabriel, den mannen eg før hadde sett i eit syn, heilt fram til meg. Det var ved tida for kveldsofferet.

22Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen for å gje deg innsikt.

23Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det, for du er høgt elska. Så merk deg ordet så du forstår synet!

24Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

til å føra vondskapen til ende,

til å gjera slutt på synda,

til å sona skulda

og føra fram ei evig rettferd,

til å stadfesta det profetane såg,

og salva det høgheilage.

25 Du skal vita og skjøna: Frå ordet gjekk ut om at Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker, og i sekstito veker skal byen stå der gjenreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men det skal vera ei tid full av trengsler.

26Jes 53,8; Matt 26,56Etter desse sekstito vekene skal den salva ryddast av vegen og bli borte.

Byen og heilagdomen skal leggjast øyde

av hæren til ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegginga

skal vara til krigen er slutt.

27 8,11+; Matt 24,15 Éi veke skal han stadfesta ei pakt for mange,

etter ei halv veke gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På vengene til det motbydelege

kjem han som øydelegg,

heilt til utslettinga som er fastsett,

strøymer ned over øydeleggjaren sjølv.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help