Salmane 34 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.

Alefא

2 Eg vil velsigna Herren til alle tider,

alltid lovsyngja han med min munn.

Betב

3 Jer 9,24; 1 Kor 1,31 Eg er stolt over Herren,

lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.

Gimelג

4Pris Herren saman med meg,

lat oss æra hans namn!

Daletד

5Eg søkte Herren, og han svara meg,

frå alt som skremde, berga han meg.

Heה

6Vend blikket mot han og strål av glede,

så skal de aldri raudna av skam!

Zajinז

7Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,

han frelste han frå alle trengsler.

Hetח

8 1 Mos 32,1f; Sal 91,11f Herrens engel slår leir

rundt dei som ottast han.

Han friar dei ut.

Tetט

9 2,12+ Smak og sjå at Herren er god!

Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.

Jodי

10 1 Sam 12,24; Sal 23,1; 33,18f+ Frykt Herren, de hans heilage!

Dei som ottast han, lid inga naud.

Kafכ

11Unge løver lid naud og svelt;

men dei som søkjer Herren,

manglar aldri det som godt er.

Lamedל

12 Ordt 1,7f Kom hit, born, høyr på meg!

Eg vil læra dykk frykt for Herren.

Memמ

13 1 Pet 3,10f Er du ein som har glede av livet,

som elskar å sjå gode dagar?

Nunנ

14Hald då tunga borte frå det som er vondt,

og leppene borte frå svikefull tale.

Samekס

15 37,27; Jes 1,16f; Rom 12,18; Hebr 12,14 Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode.

Søk fred og jag etter han!

Ajinע

16 1 Sam 2,8; Job 36,7; Sal 113,7f Herrens auge følgjer dei rettferdige,

hans øyre høyrer deira rop.

Peפ

17 Job 18,17; Sal 9,7; Ordt 10,7 Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,

han skal utrydda minnet om dei frå jorda.

Tsadeצ

18Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,

han bergar dei ut or alle trengsler.

Qofק

19 51,19; 147,3; Jes 57,15; 66,2 Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,

han frelser dei som har ei knust ånd.

Resjר

20Mange ulukker rammar den rettferdige,

men Herren friar han ut av dei alle.

Sjinש

21 91,12; Joh 19,36 Han tek vare på kvart bein i hans kropp,

ikkje eitt av dei skal brytast.

Tawת

22Ulukke drep den lovlause,

dei som hatar den rettferdige, blir straffa.

23 37,33 Men Herren bergar livet til sine tenarar,

ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help