Salmane 54 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David,

2då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»

3Gud, frels meg ved ditt namn,

skaff meg rett ved di kraft!

4Gud, høyr mi bøn,

vend øyret til mine ord!

5

6Men Gud er den som hjelper meg,

Herren held meg i live.

7 28,4+ Vend det vonde mot mine fiendar.

Gjer ende på dei i din truskap!

8 92,2 Villig skal eg ofra til deg

og prisa namnet ditt, Herre,

for det er godt.

9 59,11+ Herren har fria meg ut av all naud,

så eg kan sjå ned på mine fiendar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help