1Då sa David: «Her skal Herren Guds hus stå, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»
Salomo skal byggja tempelet2 Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro.
10Sjå, med strev har eg samla til Herrens hus hundre tusen talentar gull, ein million talentar sølv, og bronse og jern i slike mengder at ingen kan vega det. Tre og stein har eg òg skaffa, og meir kan du sjølv leggja til.
15Arbeidsfolk har du i mengder: steinhoggarar, murarar og tømrarar, dyktige folk til allslags arbeid.
16På gull, sølv, bronse og jern finst det ikkje ende. Gå til verket! Måtte Herren vera med deg!
17David påla alle leiarane i Israel å hjelpa Salomo, son hans:
1823,25«Herren dykkar Gud er med dykk og har gjeve dykk fred på alle kantar. Han har gjeve dei som budde i landet, i mine hender, og landet er lagt under Herren og folket hans.
19Så legg no hjarte og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Gå i gang med å byggja heilagdomen for Herren Gud. Så kan de føra Herrens paktkiste og det heilage utstyret inn i det huset som skal byggjast for Herrens namn.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.