Lukas 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Å lækja på sabbaten

1 Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»

4Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.

5Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»

6Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.

28Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det?

29For har han lagt grunnmuren og ikkje maktar å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han

30og seia: ‘Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men han greidde ikkje å fullføra det.’

31Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då først ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?

32Og er han ikkje sterk nok, sender han menn av stad og bed om fred medan fienden enno er langt borte.

33Slik kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt han eig.

34 Salt er ein god ting. Men mistar saltet òg si kraft, korleis kan ein då gjera det salt att?

35Matt 11,15; 13,9.43; Mark 4,9.23; Op 2,7; 13,9Det duger verken i jord eller gjødsel, dei kastar det ut.

Den som har øyre å høyra med, høyr!»

Blog
About Us
Message
Site Map