2. Mosebok 33 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.»

15Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå!

16Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.»

17Då sa Herren til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.»

18Joh 1,14«Lat meg då få sjå herlegdomen din!» sa Moses.

1934,5f; Rom 9,15Han svara: «Eg vil la all min godhug gå framom deg og ropa ut for deg namnet Herren. For eg er nådig mot den eg viser nåde, og miskunnsam mot den eg viser miskunn.

203 Mos 16,2; Jes 6,5Du kan ikkje få sjå andletet mitt», sa han; «for eit menneske kan ikkje sjå meg og leva.»

21Herren sa: «Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget!

22Når så herlegdomen min går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata til eg er komen forbi.

23Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan ingen sjå.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help