Jona 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren bergar Jona frå djupet

1 Herren sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.

2Jona bad til Herren sin Gud frå buken på fisken.

3Sal 50,15+; 88,5ff; 130,1; Klag 3,55fHan sa:

Eg kalla på Herren i mi naud,

og han svara meg.

Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket,

og du høyrde meg.

4 Sal 42,8 Du kasta meg i djupet

midt ute på havet,

straumen omgav meg.

Alle dine brot og bølgjer

slo over meg.

5 Sal 31,23 Eg tenkte:

Eg er driven bort frå dine auge.

Skal eg aldri meir få lyfta blikket

mot ditt heilage tempel?

6 Sal 69,2; Klag 3,54 Vatnet lukka seg om strupen,

djupet kringsette meg,

sivet vikla seg om hovudet.

7 Sal 103,4 Til foten av fjella sokk eg ned.

Bommane til portane på jord

slo att bak meg for alltid.

Men du, Herre, min Gud,

førte meg levande opp or grava.

8 Sal 18,7 Då livet mitt svann bort,

hugsa eg på Herren,

og bøna mi nådde til deg,

til ditt heilage tempel.

9 Sal 31,7+ Dei som held seg til vind og fåfengd,

har svikta sin kjærleik.

10 Sal 50,14+ Men eg vil ofra til deg med takkesong.

Det eg har lova, vil eg halda.

Frelsa kjem frå Herren.

11Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på tørt land.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help