Daniel 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Nebukadnesars galskap

1 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd. Eg fortalde han draumen:

9 Eg hadde syn i hovudet medan eg låg i senga. Eg såg, og sjå! – ein heilag vaktar kom ned frå himmelen.

14Lat berre rotstubben stå att i jorda,

i graset på marka,

men bunden med lenkjer av jern og bronse.

Han skal vætast med dogg frå himmelen,

som dyra skal han eta plantene på marka.

16Hans menneskehjarte skal forvandlast,

eit dyrehjarte skal han få.

Sju tider skal fara fram over han.

17 Når det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att, tyder det at riket igjen skal vera ditt frå den tid du skjønar at Himmelen har makta.

27Alle som bur på jorda,

er for ingenting å rekna.

Han gjer som han vil med himmelhæren

og med dei som bur på jorda.

Ingen kan halda han tilbake,

ingen kan seia til han:

Kva er det du gjer?

36I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for kongeriket mitt. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett som konge og fekk endå større makt enn før.

37Luk 1,51Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er sanne og hans vegar rette. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help