1 Herren viser sin heilage arm
for auga på alle folkeslag.
Heile jorda får sjå
frelsa frå vår Gud.
Dra ut11 Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!
Rør ikkje noko ureint!
Gå ut frå henne, gjer dykk reine,
de som ber Herrens kar!
12 2 Mos 12,11; 5 Mos 16,3; Jes 58,8 For de skal ikkje gå ut i hast,
og ikkje skal de flykta.
For Herren går framfor dykk,
og bak dykk går Israels Gud.
Herrens lidande tenar13 Fil 2,9ff Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
14 49,7; 53,3; Joh 19,5 Slik mange vart forfærde over deg
– så øydelagd var han,
han likna ikkje ein mann,
han såg ikkje ut som eit menneske –
15 Mi 7,16; Rom 15,21 slik skal mange folkeslag undrast,
for hans skuld skal kongar lata att sin munn.
For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,
og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.