1 Dette ordet kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Tahpanhes, Nof og Patros:
2Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De har sjølve sett alt det vonde eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. Sjå, i dag ligg dei aude, og ingen bur i dei.
3Det er fordi dei gjorde så mykje vondt, dei gjorde meg rasande då dei gjekk og tende offereld for å dyrka andre gudar som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.
4Nei, vi vil halda kvart ord som har kome frå vår munn, tenna offereld for Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, slik vi og fedrane våre, kongane og leiarane våre gjorde i Judas byar og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok, det gjekk oss godt, og vi opplevde ikkje noko vondt.
18Men sidan vi heldt opp med å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, har vi mangla alt; vi mistar livet ved sverd og svolt.»
19Kvinnene sa: «Når vi tenner offereld for Himmeldronninga og auser ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar bilete og auser ut drikkoffer for henne?»
20Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til orde mot han:
21Visst tende de offereld i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de sjølve og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet. Og Herren hugsa det, det var i tankane hans.
22Herren kunne ikkje lenger tola dei vonde gjerningane og det avskyelege de gjorde. Så vart landet dykkar til ruinar, øydemark og forbanning så ingen kunne bu der, slik det er i dag.
23Fordi de tende offereld og synda mot Herren, og fordi de ikkje ville lyda han og ikkje følgja hans lov og forskrifter og bod, har denne ulukka ramma dykk, slik ein kan sjå i dag.
24Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de frå Juda som er i Egypt!
25Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har oppfylt med hendene det de lova med munnen: «Vi vil halda lovnadene vi har gjeve om å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne.» Ja, oppfyll no lovnadene dykkar og gjer alt de har lova!
26Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»
27Så seier Herren: Sjå, eg gjev farao Hofra, kongen av Egypt, i hendene på fiendane hans, på dei som står han etter livet, slik eg gav kong Sidkia av Juda i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, som var fienden hans og stod han etter livet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.