1 Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
David rømmer frå Jerusalem13Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.»
14Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.
19Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din.
20Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»
21Eg skal venta attmed vadestadene i ørkenen til det kjem melding frå dykk.»
29Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste tilbake til Jerusalem, og der vart dei verande.
30Est 6,12; Jer 14,3f; Mi 1,8David gjekk gråtande oppover Oljeberget, berrføtt og med tildekt hovud. Alle som var med han, hadde òg dekt hovudet og gjekk gråtande oppover.
31 17,14; Job 5,12 David fekk høyra at Ahitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Ahitofels råd til skamme!»
32Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom arkitten Husjai imot han med sundriven kjortel og mold på hovudet.
33David sa til han: «Fer du saman med meg, blir du berre til bry for meg.
34Men går du tilbake til byen, kan du hindra Ahitofels planar for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.
35Der har du òg prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongens hus, skal du melda til dei.
36Begge sønene deira, Ahimaas, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»
37Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.