Johannes 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus vaskar føtene til læresveinane

1 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.

6Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8«Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.

9Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!»

10Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:

Den som et mitt brød,

lyfte hælen mot meg.

19 Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er.

20Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet.

24Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte.

25Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?»

26Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.

2713,2Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»

28Men ingen av dei andre ved bordet skjøna kva han meinte med dette.

2912,6Sidan Judas hadde ansvar for pengekassa, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige.

301 Kor 11,23Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt.

Eit nytt bod

31Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han.

3217,1Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han!

337,34; 8,21Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma.

3415,12f; 1 Joh 3,23Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

35Apg 4,32; 1 Joh 3,14På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Jesus talar om Peters fornekting(Matt 26,33–35; Mark 14,27–31; Luk 22,31–34)

36 21,18f Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje følgja meg no, men du skal følgja meg seinare.»

37«Kvifor kan eg ikkje følgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.»

38Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help