1 Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda, for vi har gått bort frå Herren og dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta. Men fri oss no ut av hendene på fiendane våre, så skal vi tena deg.»
11Så sende Herren Jerubbaal og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane rundt omkring, så de kunne bu trygt.
128,19Men då de såg at Nahasj, kongen over ammonittane, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.
13Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. No har Herren sett ein konge over dykk.
14Om de fryktar Herren, tener og lyder han og ikkje set dykk opp mot hans ord, men følgjer Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.
155 Mos 1,26; Dom 2,15Men vil de ikkje lyda Herrens røyst, men set dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand ramma dykk som ho ramma fedrane dykkar.
16Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for auga på dykk!
17Er det ikkje no tid for kveitehausten? Eg vil ropa til Herren, og han skal senda torevêr og regn. Då skal de skjøna og sjå at det i Herrens auge var ei stor synd de gjorde då de kravde ein konge.
18Samuel ropa til Herren, og han sende torevêr og regn den dagen. Då vart folket gripe av stor frykt for Herren og for Samuel,
19og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud at vi, tenarane dine, ikkje må døy. For vi la endå ei vond gjerning til alle syndene våre då vi kravde ein konge.»
20Samuel sa då til folket: «Ver ikkje redde! De har gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten Herren av heile dykkar hjarte!
215 Mos 4,28+Vik ikkje frå han! Følg ikkje tomme gudar som korkje kan hjelpa eller frelsa. For gagnlause er dei.
22For sitt store namn skuld vil Herren ikkje forkasta folket sitt, for han har sett seg føre å gjera dykk til sitt folk.
23Og eg, aldri skal eg gjera slik ei synd mot Herren at eg held opp med å be for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.
24Frykt Herren og ten han med truskap og av eit heilt hjarte! For sjå kor store ting han har gjort mot dykk!
25Men gjer de det som er vondt, skal både de og kongen dykkar gå til grunne.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.