Hosea 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Guds kjærleik til Israel

1 Eg drog dei med menneskeband,

med kjærleiks tau.

Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,

eg bøygde meg ned og gav dei mat.

5Dei skal ikkje venda attende til Egypt,

men Assur skal vera kongen deira,

for dei nekta å venda om.

6 14,1 Sverdet skal rasa i byane deira,

bryta sund bommane og eta om seg

for deira planar skuld.

7Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg.

Dei ropar saman til han som er i det høge,

men han reiser dei ikkje opp.

8 5 Mos 29,23; Jer 31,20 Korleis kan eg oppgje deg, Efraim,

overgje deg, Israel?

Korleis kan eg oppgje deg som Adma,

gjera med deg som med Sebojim?

Hjartet vender seg i meg,

all mi medkjensle vaknar.

9 4 Mos 23,19+ Eg vil ikkje følgja min brennande vreide,

ikkje øydeleggja Efraim ein gong til.

For eg er Gud og ikkje eit menneske,

heilag midt imellom dykk.

Eg vil ikkje koma med redsle.

10 3,5; 5,14 Herren skal dei følgja,

som ei løve skal han brøla.

Når han brøler, skal borna hans

koma skjelvande frå vest.

11Skjelvande skal dei koma

som ein fugl frå Egypt,

som ei due frå Assur.

Eg vil la dei bu i husa sine,

seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help