1. Mosebok 32 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Jakob drog òg vidare, og Guds englar kom til møtes med han.

2Med det same Jakob fekk auge på dei, sa han: «Dette er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim.

Jakob førebur seg til å møta Esau

3Jakob sende bodberarar føre seg til Esau, bror sin, i Se'ir-landet, på markene i Edom.

4Han baud dei: «Dette skal de seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hos Laban og vore der til no.

5Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok.

23Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.

24 Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.»

29Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet.»

31Sola gjekk opp over han då han kom framom Penuel, og han halta på grunn av hofta.

32Difor er det slik den dag i dag at israelittane ikkje et muskelen over hofteskåla, for mannen gav Jakob eit slag over hofteskåla, på muskelen.

Blog
About Us
Message
Site Map