1 No treng eg vel ikkje skriva til dykk om tenesta for dei heilage,
2for eg veit kor villige de er. Her i Makedonia rosar eg dykk og seier at de i Akaia har vore klare sidan i fjor. Og iveren dykkar har inspirert mange.
3No sender eg desse brørne til dykk, så det skal visa seg at det ikkje var tomme ord vi fór med når vi rosa dykk for dette, men at de er klare, som eg har sagt.
4
8Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,
så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,
ja, ha overflod til all god gjerning.
9
hans rettferd skal alltid vara.
10 Jes 55,10; Hos 10,12 Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.
11De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud når vi ber fram gåva.
12For denne tenesta – ja, gudstenesta – er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg skapa overflod av takkebøner til Gud.
13Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og ville vedkjenna dykk trua på Kristi evangelium, og fordi de var villige til å dela med dei og alle dei andre.
14Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk på grunn av Guds overveldande nåde mot dykk.
15Gud vere takk for si useielege gåve!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.