Salmane 58 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 57,1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.

2 82,2+ Talar de verkeleg rett, de mektige?

Dømmer de rettferdig, de menneske?

3Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda,

med hendene spreier de vald.

4 51,7+ Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar,

heilt frå mors liv fer løgnarane vill.

5 140,4+ Deira gift er som ormegift,

dei liknar ein orm som er døv,

han lèt att øyra

6og høyrer ikkje på han som kviskrar,

på han som er kunnig til å mana.

7 3,8 Gud, knus tennene i deira munn,

Herre, bryt tanngarden sund på løvene!

8Lat dei kverva slik vatn renn vekk!

Lat dei berre spenna bogen,

pilene er utan kraft.

9Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,

lik den dødfødde som aldri såg sola.

10Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene,

blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.

11Den rettferdige skal gleda seg

når han ser at han får hemn.

Han skal vaska føtene

i blodet av dei urettferdige.

12 7,12+ Då skal menneska seia:

«Ja, den rettferdige får si løn.

Det finst ein Gud som dømmer på jorda.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help