1 Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?
6
men dei audmjuke gjev han nåde.
7 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga!
9Luk 6,25Klag dykkar naud, sørg og gråt! Vend latteren til sørgjesong og gleda til alvor!
10Matt 23,12; 1 Pet 5,6Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.
11 3 Mos 19,16; Matt 7,1ff De må ikkje baktala kvarandre, sysken! Den som baktalar ein bror eller dømmer ein bror, han baktalar lova og dømmer lova. Men dersom du dømmer lova, då gjer du ikkje det lova seier, men gjer deg til dommar over lova.
12Rom 2,1; 14,4Det er éin som er lovgjevar og dommar, han som har makt både til å frelsa og til å øydeleggja. Men kven er du som dømmer nesten din?
Åtvaring til dei sjølvtrygge og rike13 Ordt 27,1; Luk 12,16ff Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» –
14Sal 39,6og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk – synleg ei lita stund, og så borte.
15Apg 18,21; Rom 1,10; 1 Kor 4,19; 16,7De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre.»
16Men no er de hovmodige og rosar dykk sjølve. All slik ros er av det vonde.
17Luk 12,47Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.