1. Mosebok 48 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jakob velsignar sønene til Josef

1Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.

2Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga.

3Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem.

8Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han.

9Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»

10Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei.

11Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»

12Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda.

13Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel.

14Men Israel strekte ut den høgre handa og la henne på hovudet til Efraim, endå han var yngst, og den venstre la han på hovudet til Manasse. Han kryssa altså armane. Men Manasse var den eldste.

15Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine. Den har eg med sverd og boge teke frå amorittane.»

Blog
About Us
Message
Site Map