Høgsongen 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 5,6 Om natta leita eg på leiet

etter han som eg elskar.

Eg leita, men fann han ikkje.

2«Eg vil opp og gå omkring i byen

på gater og torg.

Eg vil leita etter han som eg elskar.»

Eg leita, men fann han ikkje.

3 5,7 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.

«Har de sett han som eg elskar?»

4 8,2 Eg hadde ikkje før gått frå dei,

så fann eg han som eg elskar.

Eg tok tak i han og sleppte han ikkje

før eg fekk han inn i huset til mor mi,

i rommet til henne som fødde meg.

5 2,7+ Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,

ved gasellane eller ved hindene i marka:

Uroa ikkje kjærleiken!

Vekk han ikkje før han sjølv vil!

Koret

6 6,10; 8,5 Kven er ho som stig opp frå ørkenen

som røyksøyler,

omfløymd av angande myrra og røykjelse,

av alt krydder ein kan få kjøpt?

7Der er senga til Salomo!

Seksti heltar omgjev henne,

seksti av Israels heltar,

8 Sal 91,5 alle væpna med sverd,

røynde i strid.

Ved hofta ber kvar mann sverd

mot redslene i natta.

9Kong Salomo laga seg ei bereseng

av tre frå Libanon.

10Stolpane gjorde han av sølv,

baldakinen av gull,

og madrassen kledde han med purpur.

Innsida er sydd saman av kjærleik frå Jerusalems døtrer.

11Kom ut, Sions døtrer!

Sjå på kong Salomo,

på krona som mor hans

krona han med på bryllaupsdagen,

den dagen som gledde hans hjarte.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help