3. Mosebok 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Reinsing etter fødsel

1 Herren sa til Moses:

215,19Sei til israelittane: Når ei kvinne er med barn og føder ein gut, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som menstruasjonsdagane sine.

31 Mos 17,12; Luk 1,59; 2,21Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort.

4Kvinna skal venta i trettitre dagar medan blodet hennar blir reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane er over.

5Dersom ho føder ei jente, er ho urein i to veker, som ved menstruasjon. Og ho skal venta i sekstiseks dagar medan blodet hennar blir reinsa.

6Når reinsingsdagane for ein son eller ei dotter er over, skal ho koma til inngangen til teltheilagdomen, til presten, med eit årsgammalt lam som brennoffer og ein dueunge eller ei turteldue som syndoffer.

7Han skal ofra det for Herrens andlet og gjera soning for henne, så ho blir rein etter blødinga. Dette er lova for den som føder ein gut eller ei jente.

8 5,7; Luk 2,24 Men dersom ho ikkje har nok til eit lam, skal ho ta to turtelduer eller to dueungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer. Presten skal gjera soning for henne så ho blir rein.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help