Jesaja 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lovløyse i Juda

1 Andleta deira vitnar imot dei.

Som Sodoma kunngjer dei si synd

og løyner henne ikkje.

Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.

10 Herren held rettargang

med dei eldste og stormennene i folket sitt.

«Det er de som har beitt vingarden snau,

det er rov frå dei fattige i husa dykkar!

15Kvifor knuser de mitt folk

og mel sund andleta til dei hjelpelause?»

seier Herren, allhærs Gud.

Dom over Sions døtrer

16 Herren har sagt:

Fordi Sions døtrer er stolte

og går med kneisande nakke,

blunkar med auga,

trippar omkring

og ringlar med fotringane sine,

17vil Herren la Sions døtrer

få hovudet fullt av skurv,

og Herren vil snaua skallane deira.

18 Dom 8,21 Den dagen skal Herren ta frå dei all stas: fotringane, solsmykka og halvmånane,

19øyredobbane, armbanda og sløra,

20turbanane, fotkjedene og belta, amulettane og talismanane,

21fingerringane og naseringane,

22festkleda, kåpene, sjala og veskene,

232 Mos 38,8speglane, linskjortene, hovudplagga og skjerfa.

24 Am 8,10 Då blir det stank i staden for godlukt,

reip i staden for belte,

fleinskalle i staden for frisyre,

sekkestrie i staden for stasklede,

svimerke i staden for venleik.

25 Jer 14,2 Mennene dine skal falla for sverd,

hæren skal falla i krig.

26Sions portar skal sørgja og klaga,

ho sit forlaten på jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help