1 Du skal laga deg duskar i dei fire hjørna på kappa som du har om deg.
Lover om utruskap og valdtekt13Det kan henda at ein mann gifter seg med ei kvinne og går inn til henne, men så får uvilje mot henne.
14Han kjem med skuldingar og set ut vonde rykte om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom nær henne, fann eg at ho ikkje var jomfru.»
15Då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var jomfru, og ha det med til dei eldste i byporten.
16Og far til jenta skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.
17Og no kjem han med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at ho var jomfru. Men her er jomfruteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.
18Då skal dei eldste i byen gripa mannen. Dei skal straffa han
19og dømma han til ei bot på hundre sjekel sølv og gje dei til far til jenta fordi mannen har sett ut eit vondt rykte om ei jomfru i Israel. Ho skal vera kona hans, og han får ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.
20Men dersom skuldinga er sann, om det ikkje finst teikn på at jenta var jomfru,
21då skal dei føra henne ut framfor døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive hor i huset til far sin. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
22 Ingen må ta kona til far sin til ekte; han må ikkje ta kappefliken til far sin bort frå henne.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.