1 To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gått til åtak på Negev og Siklag. Siklag hadde dei plyndra og brent.
2Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men drive dei framfor seg då dei fór sin veg.
3Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira var bortførte.
4Dei brast i gråt, både David og folket som følgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir.
5Då tok David i veg saman med dei seks hundre mennene som følgde han. Dei kom til elveleiet i Besor. Der vart nokre av dei verande.
10David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att, dei var for slitne til å gå over elveleiet.
11Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han brød å eta og vatn å drikka.
12Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller tørt på tre døgn.
13David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» «Eg er egyptar», svara han, «og i teneste hos ein amalekitt. Herren min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.
14Vi hadde herja i Judas del av Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og vi hadde sett Siklag i brann.»
15Då sa David til han: «Kan du føra meg ned til denne røvarflokken?» Han svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på herren min, så skal eg føra deg ned til røvarflokken.»
16Så følgde han David dit. Og sjå, der låg røvarane spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på heile det store byttet dei hadde teke i filistarlandet og i Juda.
17Frå grålysinga av og til det vart kveld dagen etter, hogg David dei ned. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og flykta.
18David berga alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg.
19Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av byttet eller av alt det røvarane elles hadde teke med seg. Alt saman tok David tilbake.
20Han tok alt småfeet og storfeet deira, og dei som gjekk framføre og dreiv flokken, ropa: «Dette er byttet til David.»
21Då David kom tilbake til dei to hundre mennene som hadde vore for utslitne til å følgja han, og som han hadde late vera att ved elveleiet i Besor, kom dei ut imot han og krigsfolket som følgde han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei.
22Då var det nokre vonde og gudlause menn i følgjet til David som tok til orde og sa: «Sidan dei ikkje gjekk med oss, vil vi ikkje gje dei noko av byttet vi har berga. Kvar mann kan ta med seg konene og borna sine og gå.»
23Men David svara: «Nei, brørne mine! Far ikkje slik åt med det Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss.
24Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir,
28i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa,
29i Rakal, i jerahmeelittbyane, i kenittbyane,
30i Horma, i Bor-Asjan, i Atak,
31i Hebron og alle dei andre stadene der David og mennene hans hadde flakka omkring.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.