1. Mosebok 21 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Isak blir fødd

1 Abraham kalla den nyfødde son sin, som Sara hadde fødd han, for Isak.

4Men Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fødd til Abraham, leika og lo.

10Då sa ho til Abraham: «Driv bort denne slavekvinna og son hennar! For son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.»

11Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans.

12Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, tok brød og ein skinnsekk med vatn og la det på akslene til Hagar, og sende henne og barnet frå seg. Ho villa seg bort i ørkenen ved Beer-Sjeba.

15Då vatnet i skinnsekken tok slutt, la ho barnet frå seg under ein av buskane.

16Så gjekk ho og sette seg om lag eit bogeskot lenger borte. For ho tenkte: «Eg kan ikkje sjå på at barnet døyr.» Medan ho sat der, tok ho til å gråta høgt.

17 Gud høyrde røysta til guten. Og Guds engel ropa til Hagar frå himmelen og sa: «Kva er det med deg, Hagar? Ver ikkje redd! For Gud har høyrt røysta til guten der han ligg.

18Reis deg, hjelp guten opp og hald han fast i handa! For eg vil gjera han til eit stort folkeslag.»

19Så opna Gud auga hennar, og ho fekk sjå ein brønn med vatn. Ho gjekk og fylte skinnsekken med vatn og lét guten drikka.

20Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar.

21Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.

Abraham gjer pakt med Abimelek

22 Difor vart staden kalla Beer-Sjeba; for der svor dei begge ein eid.

32Slik gjorde dei ei pakt i Beer-Sjeba. Så tok dei ut, Abimelek og Pikol, hærføraren hans, og dei drog tilbake til filistarlandet.

33Abraham planta ein tamarisk i Beer-Sjeba, og der kalla han på namnet til Herren, Den evige Gud.

34Og Abraham vart buande lenge som innflyttar i filistarlandet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help