Markus 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus talar i likningar(4,1–34)Såmannen(Matt 13,1–23; Luk 8,4–15)

1 for at dei skal

sjå og sjå, men ikkje skilja,

høyra og høyra, men ikkje forstå,

så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»

13Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?

14Såmannen sår ordet.

15Dei attmed vegen, det er dei som ordet blir sådd i, men når dei har høyrt det, kjem Satan straks og tek bort ordet som var sådd i dei.

16Like eins dei som var sådde på steingrunn. Det er dei som tek imot ordet med glede så snart dei får høyra det.

17Men dei har inga rot og held ut berre ei stund. Når dei møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell dei straks ifrå.

18Andre var sådde mellom klunger. Det er dei som høyrer ordet,

19Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»

Sennepsfrøet(Matt 13,31–32; Luk 13,18–19)

30Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka?

31Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda.

32Esek 17,23Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

33 Matt 13,34 Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra.

34Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.

Jesus stiller stormen(Matt 8,23–27; Luk 8,22–25)

35 Matt 8,18 Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.»

36Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med.

37Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full.

38Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»

39Sal 65,8; 89,10; 107,29; Mark 6,51Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt.

40Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?»

41Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help