1Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei.
2Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!»
4Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.
20Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.
21Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.
22Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
23Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.
24Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»
25Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
26Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
27Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
40Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
Kong Josjafat i Juda41Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.
42Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
43Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.
44Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
502 Krøn 20,35–37Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.
Kong Ahasja i Israel52Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.
53Ahasja gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda.
54Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde Herren, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.