Salmane 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

2 38,2; Jer 10,24 Herre, refs meg ikkje i din vreide,

straff meg ikkje i din harme!

3 41,5; 103,3 Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus.

Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle,

4 13,2; 90,13; 94,3 mi sjel er gripen av frykt.

Herre, kor lenge?

5 119,132 Vend deg hit, Herre, og fri meg ut,

frels meg i di miskunn!

6 30,10; 88,11ff; 115,17; Jes 38,18 Kven av dei døde kallar på deg?

Ingen i dødsriket prisar deg.

7Eg er trøytt av å klaga.

Eg dynkar mitt leie med tårer kvar natt,

senga dryp av gråt.

8 Job 17,7; Sal 31,10 Mitt auge er sløvt av bitter sorg,

aldra fordi mange står imot meg.

9 28,6; 119,115 Bort frå meg, alle de som gjer urett!

For Herren høyrer min gråt.

10 Herren lyttar til mitt rop om nåde,

Herren tek imot mi bøn.

11 25,3; 31,18; 35,4; 40,15f; 70,3; 71,13; 83,17f; 109,29 Alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle.

Brått skal dei snu seg bort i skam.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help