1 Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel.
9Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer.
10Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.
11Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin.
12Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy.
14Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna.
19Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.
20Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken,
21leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen.
22Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.
23Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.
24Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.
25Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret.
26Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren.
27Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: I den sjuande månaden, på den tiande dagen, skal de audmjuka dykk. De skal ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd i landet, eller innflyttaren som bur hos dykk.
30For den dagen skal det gjerast soning for dykk så de blir reine. De skal reinsast frå alle syndene dykkar for Herrens andlet.
31Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift.
32Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda,
33og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.
34Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: Éin gong om året skal det gjerast soning for syndene til israelittane.
Det som Herren hadde bode Moses, vart utført.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.