1 Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8 Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?»
9Dei svara: «Kom, lat oss fara opp mot dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å dra av stad og ta landet!
10Når de kjem dit, kjem de til eit sorglaust folk. Landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar. Dette er eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»
11Så tok dei i veg, seks hundre fullvæpna menn av Dan-slekta, frå Sora og Esjtaol.
12Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»
15Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han.
16Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten,
17gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.
18Dei andre hadde gått inn i huset til Mika og henta det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Då sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»
19Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og etterkomarane av Jonatan og Jonatan sjølv, som var son til Gersjom og soneson til Moses, var prestar for Dan-stammen heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet.
31Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hos dei så lenge Guds hus var i Sjilo.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.