Salmane 146 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 103,1+ Halleluja!

Lovsyng Herren, mi sjel!

2 63,5+ Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,

syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.

3 118,8f; Jer 17,5 Stol ikkje på fyrstar,

menneske som ikkje kan hjelpa.

4 1 Mos 3,19+ Dei andar ut og blir til jord att,

den dagen fell planane i grus.

5 2,12+ Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar

og set si von til Herren sin Gud.

6 33,4.6; Apg 14,15 Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,

han er trufast til evig tid.

7 103,6 Han hjelper dei undertrykte til deira rett,

han gjev mat til dei som svelt.

Herren set dei bundne fri.

8 145,14+; Jes 35,5; 42,7 Herren gjev dei blinde syn.

Herren reiser dei nedbøygde opp.

Herren elskar dei rettferdige.

9 10,14+.18 Herren vernar innflyttarar.

Han held enkjer og farlause oppe,

men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.

10 10,16+ Herren er konge til evig tid,

din Gud, Sion, frå slekt til slekt.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help