Johannes' openberring 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den femte basunen

1 Det vart sagt til dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.

5Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon og på gresk Apollyon.

12 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»

15Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året, for å drepa tredjedelen av menneska.

16Talet på ryttarar i troppane deira var tjue tusen gonger ti tusen – eg høyrde talet.

17Og slik var dei hestane eg såg i synet, og dei ryttarane som sat på dei: Mennene hadde brystpanser farga som eld, hyasint og svovel. Hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.

18Tredjedelen av menneska vart drepne i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.

199,10For makta deira ligg i munnen, men òg i halane. For halane deira liknar slangar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20 Sal 115,4ff; 135,15ff; Dan 5,4.23; Op 16,9+ Men resten av menneska, dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om frå det dei hadde laga med hendene sine, og heldt ikkje opp med å tilbe det. Dei tilbad vonde ånder og gudebilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.

21Dei vende ikkje om frå sine mord og sin trolldom, frå sitt horeri og si steling.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help