Dommarane 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herrens engel åtvarar israelittane

1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og inn i det landet som eg med eid hadde lova fedrane dykkar. Eg sa: «Eg vil aldri bryta mi pakt med dykk,

2Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane

12Dei forlét Herren og dyrka Baal og Astarte-bileta.

14 3,8; 4,2; 10,7; 1 Sam 12,9 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei.

153 Mos 26,17; 5 Mos 28,25Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei og råka dei med ulukke, slik Herren hadde sagt, og som Herren hadde svore. Dei kom i stor naud.

16 3,9.15 Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane.

17Men dei lydde ikkje dommarane sine heller. Dei dreiv hor med andre gudar og tilbad dei. Dei var snare til å bøya av frå den vegen som fedrane deira hadde følgt då dei lydde Herrens bod. Dei gjorde ikkje som fedrane.

18Kvar gong Herren lét ein dommar stå fram hos dei, var Herren med dommaren og berga dei ut av hendene på fiendane så lenge dommaren levde. For Herren fekk medynk med dei når dei sukka under dei som plaga og undertrykte dei.

19Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.

20Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt.

21Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde.

222 Mos 16,4+; 5 Mos 8,2; Dom 3,1.4fFor gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?»

23Difor lét Herren desse folkeslaga vera att i staden for å driva dei bort straks; og han gav dei ikkje over i Josvas hender.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help