Salmane 95 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Kom, lat oss jubla for Herren,

hylla vårt berg som frelser oss!

2Lat oss gå fram for han med lovsong,

hylla han med song og spel!

3 47,3+ For Herren er ein stor Gud,

ein stor konge over alle gudar.

4 24,1+ Han har jord-djupnene i si hand

og fjelltoppane i eige.

5Havet er hans, han har skapt det,

hendene har forma det faste landet.

6Kom, lat oss knela og kasta oss ned,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7 2 Mos 17,1ff; 23,21; Sal 100,3; Hebr 3,7ff For han er vår Gud,

vi er folket han gjeter,

flokken i hans hand.

Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8 2 Mos 17,1ff; Hebr 3,7ff Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i ørkenen,

9då fedrane dykkar utfordra meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

10I førti år hadde eg avsky for denne slekta.

Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,

dei kjenner ikkje mine vegar.

11 4 Mos 14,21ff; Hebr 3,18; 4,5 Så svor eg i min vreide:

Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help