1 Er dette den fasta eg har valt,
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
bøyer hovudet som eit siv
og legg seg i sekk og oske?
Kallar du dette for faste
og ein dag etter Herrens vilje?
6 Jer 34,8f Nei, dette er fasta eg har valt:
å løysa urettferdige lenkjer,
sprengja banda i åket,
setja undertrykte fri
og å bryta kvart åk sund,
7 Job 31,16ff; Esek 18,7; Matt 25,35ff; Rom 12,13 å dela ditt brød med svoltne
og la hjelpelause og heimlause koma i hus.
Du skal sjå til den nakne og kle han,
du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.
8 Sal 37,6; Jes 52,12 Då skal lyset renna for deg som morgonròden,
brått skal du lækjast.
Di rettferd skal gå framfor deg
og Herrens herlegdom følgja etter deg.
9 Sal 145,18; Jes 30,19; 65,1.24 Då skal du kalla, og Herren skal svara,
du skal ropa, og han skal seia: «Eg er her!»
Om du tek bort kvart åk hos deg,
ikkje peikar med fingrane og talar vondt,
10 Sal 97,11; 112,4 om du gjev av ditt eige til den svoltne
og sjølv mettar den som lid naud,
då skal lyset ditt gå opp i mørkret,
natta di skal bli som høglys dag.
11 Herren skal alltid leia deg
og metta sjela di i det tørre landet.
Han skal styrkja kroppen din
så du blir som ein vassrik hage,
ei kjelde der vatnet aldri sviktar.
12 61,4; Am 9,14 Dine gamle ruinar skal byggjast opp att,
du skal gjenreisa grunnmurar frå eldgamle slekter.
Du skal kallast
Den som murar att rivner,
Den som set i stand vegar
så folk kan bu der.
13 56,2 Om du sluttar å trakka på sabbaten
og gjera som du vil på min heilagdag,
men kallar sabbaten ei lyst
og Herrens heilagdag ærverdig,
om du held han i ære
og ikkje går dine eigne vegar,
gjer som du vil og talar tomme ord,
14 5 Mos 32,13 då skal du ha di lyst i Herren.
Eg lèt deg ri over høgdene i landet
og eta av arven etter Jakob, far din.
For Herrens munn har tala.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.