1Profeten Elisja kalla til seg ein av profetlæresveinane og sa: «Bind kjortelen om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead!
2Når du kjem dit, skal du finna Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji. Gå inn, få han vekk frå dei andre. Ta han med deg inn i det inste rommet!
3No hadde Joram vendt attende til Jisreel og ville få lækt såra som aramearane hadde gjeve han då han kjempa mot Hasael, kongen i Aram.
No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut av byen og gå til Jisreel for å fortelja om dette.»
16Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisreel, der Joram låg sjuk. Kongen i Juda, Ahasja, var komen dit ned; han ville sjå til Joram.
17Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»
18Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nådd fram til dei, men han kjem ikkje tilbake.»
19Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!»
20Vaktmannen melde: «Han har nådd fram til dei, men kjem ikkje att. Og dei køyrer som Jehu, son til Nimsji. Han køyrer som ein galen!»
21 Då Joram fekk auge på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan eg koma i fredeleg ærend så lenge Jesabel, mor di, framleis driv hor og held på med alle trolldomskunstene sine?»
23Joram snudde vogna og flykta. Han ropa til Ahasja: «Dette er svik, Ahasja!»
24Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane så pila gjekk rett gjennom hjartet, og han seig saman i vogna.
25 Då Ahasja, kongen i Juda, såg dette, flykta han i retning Bet-ha-Gan. Men Jehu følgde etter han og ropa: «Han òg!» Og dei slo han ned medan han sat i vogna si, i Gur-passet ved Jibleam. Han flykta til Megiddo, og der døydde han.
28Kongens menn køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav hos fedrane hans i Davidsbyen.
29Ahasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret til Joram, son til Ahab.
30No kom Jehu til Jisreel. Då Jesabel høyrde det, sminka ho auga, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauget.
31Då Jehu kom inn gjennom byporten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»
32Jehu såg opp mot vindauget og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to–tre hoffmenn såg ut gjennom vindauget,
33ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.
34 1 Kong 16,31 Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna gravlagd! Ho var då ei kongsdotter.»
35Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.
361 Kong 21,23Dei vende attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisreels mark skal hundane eta opp kjøtet av Jesabel.
37Liket hennar skal liggja som gjødsel på jorda i Jisreel, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.