Johannes 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»

4Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»

5Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»

9«Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus.

10Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det?

11Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, °som er i himmelen•.

14Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,

15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

161,18; Rom 8,32; 1 Joh 4,9fFor så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

178,15; 12,47Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

185,24Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son.

191,5.9ffOg dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde.

20Ef 5,13For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.

21Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Døyparen Johannes vitnar om Jesus

22 4,1f Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.

23Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.

24Matt 4,12; 14,3Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.

25Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga.

261,19ffDei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»

2719,11; 1 Kor 4,7Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen.

28De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han.

29Jes 62,5; Matt 9,15; 2 Kor 11,2; Ef 5,23ff; Op 19,7Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

30Han skal veksa, eg skal minka.

31 8,23; 1 Kor 15,47; 1 Joh 4,5 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

323,11+Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans.

33Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant.

34Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål.

35Matt 11,27+; Joh 5,20+; 13,3Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand.

361 Joh 5,12Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help