1 Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg i sanning elskar.
2Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.
Hjelp til utsendingane3 Det var då for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane.
8Eg har skrive nokre ord til forsamlinga. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera.
10Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For det vonde han seier om oss, er tåpeleg. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot syskena våre, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut av forsamlinga.
11 1 Joh 3,6.9f Kjære deg, du må ikkje etterlikna det vonde, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.
12 Joh 19,35 Alle gjev Demetrios dei beste vitnemål, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.
Sluttord13 2 Joh 12 Eg har enno mykje å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva det med papir og blekk.
14For eg håpar å sjå deg snart, så vi kan tala saman, andlet til andlet.
15Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild med namn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.