1Så vakkert du stig i sandalar,
du hovdingdotter!
Hoftene dine rundar seg som ei sølje,
smidd av kunstnarhand.
2Navlen din er ei rund skål,
måtte han aldri mangla vin!
Magen er ein kveiteåker
kransa inn av liljer.
3 Halsen din er som eit elfenbeinstårn,
auga som dammane i Hesjbon
ved Bat-Rabbim-porten.
Nasen er som Libanon-tårnet
som ser mot Damaskus.
5Hovudet kronar deg som Karmel,
håret skimrar som purpur.
Kongen er fanga i lokkane.
6Så vakker du er, så nydeleg,
du som eg elskar, full av lyst!
7Du er høg som palmen,
og brysta dine er som drueklasar.
8Eg seier: Eg skal opp i den palmen,
gripa tak i dei greinene.
Brysta dine skal vera som klasane på vinstokken,
din ande som angen av eple
9og ganen som den finaste vin,
Hosom lett går ned hos kjærasten min,
Hansom glir over leppene mine og tennene!
Ho10 Kjærleiksepla angar,
ved døra heng alle slag herleg frukt,
både nyplukka og tørka.
Kjærasten min, eg har gøymt dei til deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.