1 Skjelv, de sorglause,
skjelv, de trygge!
Kled dykk nakne,
bind sekkestrie om hoftene!
12Dei klagar over brysta,
over dei herlege åkrane,
over dei grøderike vinstokkane,
13over jorda til folket mitt
der torn og tistel skyt opp,
ja, over kvart lukkeleg hus
i den jublande byen.
14 2 Krøn 27,3; Neh 3,26ff For borga er oppgjeven
og den larmande byen forlaten.
Haug og vakttårn har for alltid
vorte til gøymestader
der villesel gleder seg
og buskapar beiter,
15 29,17; 44,3; Esek 39,29; Joel 3,1ff; Apg 2,1ff heilt til Ande blir aust ut over oss
frå det høge.
Då skal ørkenen bli til ein frukthage,
og ein frukthage skal reknast for skog.
16I ørkenen skal retten slå seg ned,
i frukthagen skal rettferd bu.
17Då skal rettferds verk vera fred,
rettferds gjerning tryggleik og ro
til evig tid.
18 33,20 Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass,
i trygge heimar og på sikre kvilestader.
19 10,18.33f Skogen skal fellast og falla,
byen skal søkka i djupet.
20Sæle er de
som sår ved alle vatn,
og som lèt okse og esel
gå fritt omkring.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.