1 Han kalla staden Massa og Meriba. For der tretta israelittane, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: «Er Herren iblant oss eller ikkje?»
Siger over amalekittane8 5 Mos 25,17ff Amalekittane kom og gjekk til kamp mot israelittane i Refidim.
9Då sa Moses til Josva: «Vel ut nokre menn for oss, ta i veg og kjemp mot amalekittane! I morgon skal eg stå på toppen av høgda med Guds stav i handa.»
10Josva gjorde som Moses sa, og kjempa mot amalekittane, medan Moses, Aron og Hur gjekk opp på toppen av høgda.
11Då gjekk det slik til at så lenge Moses heldt handa i vêret, hadde israelittane overtaket, men så snart han lét handa siga, fekk amalekittane overtaket.
12Men då Moses trøytna i hendene, fann dei ein stein som han sette seg på. Så støtta Aron og Hur hendene hans, ein på kvar side. Då var hendene hans støe heilt til sola gjekk ned.
13Josva slo amalekittane og hæren deira ned med sverd.
14 4 Mos 24,20; 1 Sam 15,2f.20 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette ned i ein bokrull som eit minne, og les det opp for Josva. For eg vil utsletta alt minne om amalekittane under himmelen.»
15Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er mi fane».
16Og han sa: «Handa på Herrens fane! Herren skal kjempa mot amalekittane frå slekt til slekt.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.