Jesaja 57 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Israel er eit trulaust folk

1 De brenn av lyst mellom eiketrea,

under kvart frodig tre,

de slaktar born i elveleia,

nede i fjellkløftene.

6Dei glatte steinane i elveleiet er din del,

dei er din lut.

For dei auser du ut drikkoffer

og ofrar grødeoffer.

Skulle eg finna meg i det?

7 65,7; Hos 4,12ff På eit høgt og stort fjell

gjorde du i stand ei lege.

Der gjekk du opp

for å ofra slaktoffer.

8Bak dør og dørkarm sette du ditt merke.

Du gjekk bort frå meg, du kledde av deg,

du la deg ned og gjorde plass.

Du gjorde avtale med dei

som du elskar å liggja med,

du såg dei nakne.

9 3 Mos 18,21; Hos 12,2 Du drog til Melek med olje

og hadde mykje salve med deg.

Du sende bodberarar langt av stad,

lét dei gå ned i dødsriket.

10Du vart sliten av den lange vegen,

men du sa ikkje: «Det er fåfengt.»

Hendene dine søkte nye krefter,

difor vart du ikkje sjuk.

11 Sal 50,21; Jes 42,14 Kven er det du fryktar og er redd,

sidan du lever i løgn?

Meg hugsar du ikkje

og bryr deg ikkje om.

Nei, eg tagde i lange tider,

så meg var du ikkje redd.

12Eg vil fortelja om di rettferd

og om dine gjerningar.

Dei kan ikkje hjelpa deg.

13 Sal 2,12; 15,1ff; 84,13; Jes 56,7; 60,21 Samlinga di av gudar

får berga deg når du ropar.

Vinden lyfter dei, alle saman,

eit vindpust tek dei med seg.

Men dei som tek si tilflukt til meg,

skal arva landet

og ta mitt heilage fjell i eige.

Den som er knust og nedbøygd i ånda

14 40,3; 42,16; 62,10 Han seier:

Bygg, bygg, rydd veg!

Ta bort kvar snublestein

frå vegen til folket mitt!

15 Sal 34,19+; 92,9+; 113,5ff+; 147,3 Så seier han som er høg og opphøgd,

han som tronar evig,

Den heilage er hans namn:

I det høge og heilage bur eg

og hos den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned,

gje hjartet liv hos dei som er knuste.

16 Sal 78,38f; 103,9; Mi 7,18 For eg fører ikkje sak til evig tid

og er ikkje harm for alltid.

Då ville ånda bli kraftlaus for mitt andlet,

livspusten som eg har laga.

17 54,8; 59,2; Mi 3,4 Fordi han var skuldig og grådig,

vart eg harm og slo han.

Eg løynde meg i vreide.

Men han vende seg bort

og gjekk ein veg etter eige hjarte.

18Eg såg dei vegar han gjekk.

No vil eg lækja han og leia han

og gje han trøyst.

Hos dei som sørgjer,

19 52,7; Ef 2,17; Hebr 13,15 skaper eg ny frukt på leppene:

Fred,

fred til den som er nær

og til den som er langt borte,

seier Herren.

Eg vil lækja han.

20 Jes 17,12f; Jud 13 Men dei urettferdige er som det opprørte havet,

for det kan ikkje falla til ro,

og bølgjene rører opp mudder og gjørme.

21 48,22+ Det finst ingen fred, seier min Gud,

for dei urettferdige.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help