Johannes' openberring 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Til Sardes

1 Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes:

Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er død.

2Den som sigrar, skal bli kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut av livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Til Filadelfia

7 Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia:

Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:

8Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:

Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt:

15Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm!

16Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn.

171 Kor 4,8«Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken.

18Jes 55,1; Op 16,15Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.

19 Ordt 3,12; Hebr 12,6; Op 2,5 Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om!

20Luk 12,36; 22,29f; Joh 14,23Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21 Matt 19,28; Op 20,4 Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.

22Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help