Jesaja 51 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Guds frelse skal vara evig

1 For møll skal eta dei som klede,

mott skal eta dei som ull.

Men mi rettferd skal vara til evig tid,

mi frelse frå slekt til slekt.

Gud skal igjen trøysta Sion

9 Vakna, vakna og kled deg i kraft,

du Herrens arm!

Vakna som i gamle dagar,

som i dei eldste tider!

Var det ikkje du som felte Rahab

og gjennombora sjøuhyret?

10 2 Mos 14,21ff; Sal 66,6 Var det ikkje du som tørka ut havet,

vatnet i det store djupet,

og gjorde havbotnen til ein veg

der dei som var løyste ut, kunne gå over?

11 35,10+ Dei som Herren har fria ut, skal venda attende.

Dei kjem til Sion med jubel,

med evig glede om panna.

Fryd og glede møter dei,

sorg og sukk må flykta.

12 Sal 118,6; Jes 40,6; Matt 10,28; Hebr 13,6 Eg, eg er den som trøystar dykk.

Kven er du som fryktar

menneske som må døy,

menneskeborn som visnar lik gras.

13 44,24; Jer 2,32; Hos 8,14; 13,6 Du har gløymt Herren, som skapte deg,

han som spente ut himmelen

og grunnla jorda.

Alltid, heile dagen, fryktar du

vreiden til undertrykkjaren

når han prøver å øydeleggja deg.

Kvar er vreiden til undertrykkjaren?

14 33,16 Snart skal den som er i lenkjer, bli løyst,

han skal ikkje døy og gå i grav,

og ikkje skal han mangla brød.

15 54,5; Jer 10,16; 31,35; Am 4,13 Eg er Herren din Gud

som rører opp havet så bølgjene brusar.

Herren over hærskarane er hans namn.

16 49,2; 59,21; Jer 1,9; Joh 7,16 Eg har lagt mine ord i din munn

og løynt deg i skuggen av mi hand.

Eg har spent ut himmelen

og grunnlagt jorda

og sagt til Sion: «Du er mitt folk.»

Vakna, Jerusalem

17 Sal 60,5; 75,9; Jer 25,15; Op 14,10 Vakna, vakna

og reis deg, Jerusalem,

du som måtte drikka

vreidebegeret frå Herrens hand,

tømma giftbegeret til botnar!

18Det var ingen til å leia henne

av alle dei borna ho fødde,

ingen til å ta henne i handa

av alle dei borna ho fostra.

19 Jer 15,5 Vald og skade, svolt og sverd

– kven trøysta deg?

To og to har dei råka deg

– kven syntest synd på deg?

20 Klag 2,19 Borna dine ligg hjelpelause

på alle gatehjørne

som antiloper i garnet,

fulle av Herrens vreide,

av trugsmålet frå din Gud.

21Difor, høyr dette, du som er plaga,

du som er drukken, men ikkje av vin!

22Så seier Herren, din herre og din Gud,

som fører saka for sitt folk:

Sjå, no tek eg ut av di hand

det begeret som fekk deg til å rava,

aldri meir skal du drikka den skåla att,

mitt vreidebeger.

23 Sal 129,3 Eg rekkjer det til dei som plaga deg,

dei som sa til deg: «Legg deg ned!

Vi skal trakka på deg.»

Du måtte gjera ryggen til flat mark,

til ei gate å gå på.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help