1Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.
2 Herre, høyr mi bøn,
lat mitt rop nå fram til deg!
3 Eg liknar pelikanen i ørkenen,
eg er som ei ugle blant ruinar.
8Eg ligg vaken,
eg er som ein einsleg fugl på taket.
9 42,11; Jes 65,15 Fienden spottar meg heile dagen.
Dei som gjer narr av meg,
bruker namnet mitt til forbanning.
10 42,4; 80,6 Eg et oske som brød
og blandar drikken min med tårer,
11for du er harm og vreid på meg.
Du tok meg og kasta meg bort.
12 109,23 Dagane mine er på hell, skuggane blir lange,
eg visnar bort som gras.
13 9,8+ Men du, Herre, tronar til evig tid,
namnet ditt varer frå slekt til slekt.
14 51,20 Du vil reisa deg og vera mild mot Sion,
det er tid for å visa henne nåde,
timen er komen.
15 Neh 2,3; Dan 9,17 Tenarane dine elskar steinane i Sion,
dei lid med henne som ligg i grus.
16 Jes 59,19; 66,18 Folkeslag skal frykta Herrens namn,
alle kongane på jorda din herlegdom.
17For Herren vil byggja opp att Sion
og syna seg i sin herlegdom.
18 69,34 Han lyttar når den nakne bed,
han foraktar ikkje deira bøn.
19 22,31f Dette skal skrivast ned for den komande slekt,
eit nyskapt folk skal prisa Herren.
20 79,11 Han ser ned frå si heilage høgd.
Frå himmelen ser Herren mot jorda
21for å høyra sukket frå fangane,
løysa dei som var dømde til døden.
22 22,28+; Jes 2,2f Herrens namn skal forkynnast i Sion,
hans lov og pris i Jerusalem
23når folk og kongerike samlar seg
for å tena Herren.
24Han har brote ned min styrke på vegen
og forkorta livet mitt.
25Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet!
Dine år varer i slekt etter slekt.
26 8,4; 24,2; 33,6; Hebr 1,10 Du grunnla jorda i gammal tid,
himmelen er eit verk av dine hender.
27 Jes 51,6; Matt 24,35; Hebr 1,11; 2 Pet 3,7.10 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.
Dei blir slitne ut som klede,
du skifter dei ut, og dei er borte.
28Men du er den same,
åra dine tek aldri slutt.
29 69,37+ Borna til tenarane dine skal slå seg til ro,
deira ætt skal vera grunnfest for ditt andlet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.