Ordtaka 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Visdomen heng for høgt for den dumme,

i byporten opnar han ikkje sin munn.

8Den som legg vonde planar,

blir kalla renkesmed.

9Påfunna til den dumme er synd,

spottaren møter avsky blant folk.

10 Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,

og misunn ikkje dei lovlause!

20 Sal 73,18f; Ordt 13,9 For dei vonde har inga framtid,

lampa til dei urettferdige sloknar.

21 1 Pet 2,17 Frykt Herren og kongen, son min!

Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.

22For brått kan ulukka ramma dei.

Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?

Fleire ord frå dei vise

23 18,5; 28,21 Dette òg er ord av dei vise:

Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.

24Seier nokon til ein skuldig:

«Du er uskuldig»,

vil folk forbanna han

og folkeslag fordømma han.

25Men dei som dømmer rett, går det vel,

lukke og velsigning kjem over dei.

26Eit ærleg svar

er eit kyss på leppene.

27Fullfør arbeidet ute,

gjer deg ferdig på åkeren,

så kan du byggja deg hus.

28 19,5+ Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,

så du svik han med leppene dine.

29 20,22 Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg,

slik vil eg gjera mot han;

eg vil gje han att etter det han har gjort.»

30Eg gjekk forbi ein lat manns åker,

langs vinmarka til eit menneske utan forstand.

31Sjå, der var det fullt av nesler,

grunnen var overgrodd med tistlar,

og steingjerdet var nedrive.

32Eg la merke til dette og la meg det på hjartet,

eg tok lærdom av det eg såg.

33 6,10f «Litt søvn, litt kvile

med hendene i fanget,

34så kjem fattigdomen på deg som farande fant

og nauda som velvæpna mann.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help