1 Er du betre enn No-Amon,
som låg ved Nilen, med vatn ikring,
med havet til voll
og vatnet til mur?
9 Kusj og Egypt var styrken hennar,
ein styrke utan grenser.
Put og libyarane gav henne hjelp.
10 Sal 137,9 Ho òg måtte dra i eksil som fange.
Borna hennar vart knuste
på alle gatehjørne,
dei kasta lodd om stormennene,
dei mektige vart lagde i lenkjer.
11 Jer 25,15ff; Hab 2,16 Du òg skal drikka deg full.
Du skal gøyma deg.
Du òg skal søkja vern mot fienden.
12Alle festningane dine
er som fikentre med tidleg frukt.
Blir dei riste, fell det fiken
i munnen på den som vil eta.
13 Jes 19,16; Jer 50,37; 51,30 Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner.
Portane til landet skal stå vidopne for fienden.
Eld skal eta bommane dine.
14Hent opp vatn før du blir kringsett,
set festningane i stand.
Trakk gjørme, stamp leire,
ta mursteinsforma fram!
15 Joel 1,4 Der skal elden eta deg,
sverdet skal rydda deg ut,
det et som grashopper.
Bli mange som grashopper,
mange som sirissar!
16Handelsmennene dine vart fleire
enn stjernene på himmelen.
Grashoppa opnar seg og flyg.
17Vaktmennene dine er som sirissar,
skrivarane liknar ein grashoppesverm
som slår seg ned på steingjerdet
når dagen blir kjølig.
Sola renn, dei flyg,
ingen veit kvar dei er.
18 Sak 13,7 Du konge av Assur,
oppsynsmennene dine er trøytte,
stormennene legg seg ned.
Folket ditt er spreidd over fjella,
ingen sankar dei inn.
19 Job 27,23; Jer 30,12; Sef 2,15 Samanbrotet kan ikkje lækjast,
du er alvorleg såra.
Alle som får høyra om deg,
klappar i hendene.
For kven har ikkje gong på gong
vorte råka av din vondskap?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.